Trivselsbadet

Velkommen inn til Trivselsbadet, eit symjeanlegg på Sandane der heile familien kan kome å nyte det vi har å tilby. Her finn du eit terapibasseng som held 34 grader, rett ved sidan av eit grunnbasseng som egna seg godt for dei minste borna. I vårt 25 meter lange symjebasseng kan du symje i treningsbanene, leike med badeleikar, konkurrere i den populære sklia og/eller hoppe frå stupebretta på 1 og 3 meter. Etter aktivitet i terapibasseng og symjebasseng er det deilig å kunne trekke til boblebadet,  før ein eventuelt tar turen vidare inn i badstua. I Trivselsbadet finnes det fleire moglegheitar til å ha ein kjekk dag samans med andre, så ta turen innom oss. 

Vi har dyktige badevakter på jobb, som gjer sitt ytterste for å legge til rette for at alle gjester - stor og små - skal ha det kjekt i bassenget med både leik og symjing. I resepsjonen møter du kjekke folk som vil gi deg den hjelpa du treng, samstundes som du kan kjøpe både mat og drikke før eller etter eit besøk i badet. 

NB! På gitte tidspunkt vil symjebasseng vere reservert for ulike brukargrupper. Klikk her for å sjå

 reserverte tider i basseng

 

Reglar for symjebassenget finn du her: Reglar i Trivselsbadet

 

BAD OG SKI

 

Kjøper du familie-årskort hjå oss får familien ei gratis kveldkøyring i veka ved Breimsbygda skisenter.

 

Les meir om ordninga ved å klikke her: Aktivitetstilbod for heile familien

 

VELKOMMEN INNOM OSS! 

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss