KLATREVEGG I TRIVSELSHALLENVil du klatre? Registrer deg i resepsjonen. Klatreveggen i Trivselshallen er totalt 15 meter høg, med eit utfordrande parti med overheng og eit stort antall merka ruter i ulike vanskelighetsgrader. Vi har 2 autobelay (sikring) slik at ein har moglegheit for sjølvsikring om ein ynskjer å klatre aleine. Vi krevjer at ein har brattkort eller har med seg ein med brattkort om ein vil nytte autobelayane våre. Sjå nye retningslinjer for autobelay her: Retningslinjer autobelayFor å klatre lyt ein ha brattkort, eller ha med seg ein med brattkort. Det er eit krav om at den som sikrar har brattkort. Leige utstyr?Per dags dato har vi dessverre ikkje klatreutstyr til leige i Trivselshagen bad og idrett. Vi anbefaler derfor å kontakte Nordfjord klatreklubb, som har ei eiga utstyrskasse ståande i hallen. AKTIVITET I KLATREVEGGDet er fortsatt mogeleg for alle å klatre på dei oppgitte tidspunkta Måndagar kl. 19-21: Open skule ved Firda VGS Onsdagar kl. 19-21: Klubbklatring ved Nordfjord klatreklubb RESERVERTE TIDSPUNKT I KLATREVEGGNB! Ved oppgitte tidspunkt er klatreveggen kun tilgjengeleg for den reserverte brukargruppa Torsdag 26. juni er klatreveggen reservert til arrangement kl. 13.00-16.00