Trivselskaféen - "hjartet i huset"Vi har ein flott kafé i Trivselshagen. Kaféen er open for alle, samt at den fungerer som kantine for elevar og lærarar på Firda vidaregåande.OpningstiderMåndag - torsdag: 08.15 - 14.30Fredag: 08.15 - 13.00 Du finn ein rikhaldig disk med eit varierande utval av påsmurt, meierivarer, salatbar, kaker og bakevarer, samt ulike kioskvarer. Torsdagspizzaen vår klokka 11.30 er blitt ein "hit". Ynskjer du ein pause i arbeidsdagen, eller vil ta med deg familien din på bibliotekbesøk og litt mat etterpå? Er du kanskje elev og ynskjer å ete frukost? Eller er du kanskje berre svolten? Då veit du kvar du finn oss!Ta gjerne kontakt med oss om du treng nokon som kan lage maten for deg. Vi lagar gjerne mat til både møtelunsjar, selskap og andre mottakingar. Hjarteleg velkomen! - vi på Trivselskaféen skal ta godt i mot deg!Kontakt ossTelefon til kaféen: 902 36 412, eller nå oss på epost: trivselskafe@gloppen.kommune.no Kontaktperson:Marita Kleppenes Sårheim,