AKTIVITETAR OG RESERVERTE TIDSPUNKT I TRIVSELSBADET

I våre opningstider i vekedagar, vil delar av terapi- og hovudbasseng vere reservert til STIL symjegruppe, frisklivssentral og privat trening. Sjå kva dagar og tidspunkt dette gjeld her. 

 

MÅNDAG: 

STENGT

 

TIRSDAG: 

kl. 06:30 - 08:00: Morgonbading for alle med forhandskjøpt billett, årskort, halvårskort og klippekort. 

kl. 17:30-18:30  hovudbasseng: 3 baner i hovudbasseng reservert til STIL symjegruppe

Kl. 20:00-21:00: Roleg time

 

ONSDAG:

kl. 19:30 - 21:00 Hovudbasseng: Symjetrening for alle i hovudbasseng (utan instruktør)

kl. 19:30-20:30 Terapibasseng: Basseng reservert for privat trening 

 

TORSDAG:

kl. 16:00 - 17:00 Terapibasseng: Terapibasseng reservert for frisklivssentral

kl. 17:30-18:00 Terapibasseng: ½ Terapibasseng reservert for STIL symjegruppe

kl. 16:45-19:00 Hovudbasseng: 4 baner reservert for STIL symjegruppe

 

FREDAG: 

kl. 06:30-08:00: Morgonbading for alle med forhandskjøpt billett, årskort, halvårskort og klippekort. 

kl. 11:00 - 12:00 Terapibasseng: Babybading (utan instruktør) 

Kl. 20:00-21:00: Roleg time 

 

Morgonbading og babybading er for alle med forhandskjøpte billettar og finn stad på dagtid utanfor Trivselsbadet sine opningstider. 

 

Aktivitetar som “roleg time” og “symjetrening for alle” er for absolutt alle med billett til Trivselsbadet i vore opningstider. 

 

Under “symjetrening for alle” legg vi til rette for at ein kan trene i hovudbasseng. Stupedel og leik i bassenget vil derfor vere stengt. Terapibasseng er ope som vanleg!

 

Under “roleg time” legg vi til rette for roleg stemning i bassengområdet og oppfordrar våre kundar om å gjer det same :) Stupedel vil vere stengt og leikar blir rydda inn.

 

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss