Utleige av lokale i Trivselshagen kulturhus

Vedteke av kommunestyret 13. desember 2021. Gjeld for 2022.

Prisane er ulike - avhengig av kven som er leigetakar.

Salen har 375 plassar.


Pris 1 i tabellen er for for lokale lag og organisasjonar sine arrangement utan billettinntekter.

Pris 2 i tabellen er for andre arrangement, td kurs og konferansar, private arrangement, teater og konsertar.

Pris 3 er etter avtale, og gjeld konsertar/arrangement med lyd/lys/rigging mm.

Leige av personell til  lyd/lys/rigging må avtalast ved kvart høve

 

Lokale

Pris 1                    

Pris 2

Kultursalen m/foaje

5 725,-

11 450,-

Kinosalen

1 875-

3 435,-

Foaje m/ kafé

1 875,-

3 435,-

Møterom 107

850,-

850,-

Møterom 108

850,-

850,-

Videokonferanse

1040,-

1040,-

Blackbox/dramasal *               

Timepris 260,-

Dagspris over 4 t. 1040,-

Dansesalar

Timepris 260,-

Dagspris over 4 t. 1040,-

 

*Blackbox/dramasal: Pris som kinosal ved arrangement, men same pris som dansesal ved øving.

Kommunedirektøren har fullmakt til å fråvike leigesatsane i samband med spesielle arrangement og til å prøve ut rabattordningar for å auke bruken av anlegget. 

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.

Vi har som mål å gje deg gode opplevingar! 


Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Kontakt oss