Trivselshagen bad og idrett er eit stort og moderne idrettsanlegg med god kapasitet for aktivitet. Nede i Trivselshallen har vi tre handballbaner, som kan delast med skillevegg både mellom banene, og på kvar handballflate. I tillegg til at banene legg godt til rette for ballaktivitet, leik og trening, har ein mulighet til å vere aktiv i idrettsanlegget sin klatreveggen, kastsirkel og sprintbane.
Når du går inn i Trivselshallen vil du raskt få auge på vår 15m høge klatrevegg, som ligg rett ved sidan av anlegget sin kastsirkel. I enden av handballbanene har vi ei sprintbane med godt dekke, som i tillegg har ei innebygd lengdegrop i eine delen av bana.
I 2. etasje finn du Firdahallen, som har idrettsanlegget si fjerde handballbane. Store delar av året er halve Firdahallen tilrettelagt for turn, og det ligg turnutstyr utover handballbana. I enden av Firdahallen ligg turnhallen, som blant anna har skomgrop, trampoline og tumbling.
Vi har god kapasitet på våre handballflater på spesifikke tidspunkt i både vekedagar og helger, så det er mogleg å leige seg inn om ein ønsker seg ei enkel økt/faste økter i lag med vennegjengen, familien eller organisasjonen sin.
Kva finn du i Trivselshallen?
4 handballbaner
Klatrevegg
Kastsirkel
Lengdegrop
Sprintbane
Turnhall
I Trivselshallen er mulighetane mange, så ta turen innom oss!
Klikk her for å sjå prisar for leige OG Klikk her for å sjå våre opningstider