Trivselskafèen - "hjartet i huset"

Kantine/foaje - Klikk for stort bilete

 

Vi har ein flott kafé i Trivselshagen. Kafeen er open for alle, samt at den fungerer som kantine for elevar og lærarar på Firda Vidergåande.


Opningstider:

Måndag - torsdag:  08.15 - 14.30
Fredag: 08.15 - 13.00 

Du finn ein rikhaldig disk med eit varierande utval av påsmurt, meierivarer, salatbar, kaker og bakevarer, samt ulike kioskvarer. Fredagspizzaen vår klokka 1130 er blitt ein "hit". 

Ynskjer du ein pause i arbeidsdagen, eller vil ta med deg familien din på bibliotek besøk og litt mat etterpå? Er du kanskje elev og ynskjer å ete frukost? Eller er du kanskje berre svolten? Då veit du kvar du finn oss!

Ta gjerne kontakt med oss om du treng nokon som kan lage maten for deg. Vi lagar gjerne mat til både møtelunsjar, selskap og andre mottakingar. 

Utanom dei faste opningstidene er det også høve til å kjøpe seg mat og drikke frå automatane. 

Hjarteleg velkomen! - vi på Trivselskafèen skal ta godt i mot deg!

Telefon Kafèen: 
902 36 412, eller nå oss på epost: trivselskafe@gloppen.kommune.no 

Kontaktperson:
Marita Kleppenes Sårheim, mob 976 12 255

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.

Vi har som mål å gje deg gode opplevingar! 


Trivselshagen i sosiale medier

Kontakt oss