Festivalen byr som vanleg på eit fyldig og variert program med artistar frå inn- og utland. Årets utgåve set ein ny standard når det gjeld å presentere unge og fremadstormande artistar, noko som har vore eit kjennemerke for Fjordblues i mange år. Aldersgrensa for konsertane på Gloppen Hotell er i år redusert til 18 år og det vert innført eige ungdomspass for publikum mellom 18 og 26 år til spesialpris kr 600,- for heile festivalen.
Frå London kjem bandet The Cinelli Brothers som blei kåra til "UK Blues Band of the Year 2024". Bandet tilhøyrer ein ny generasjon lidenskapelege musikarar som deler kjærleiken til klassisk blues, soul og R&B. McKinley James frå Nashville er to like delar gamal sjel og moderne mann. Bevepna med sin elektriske gitar og skarp låtskrivarkunst bles han liv i den klassiske lyden av amerikansk rock & roll, elektrisk soul og rå rhythm & blues.
Fjordblues sitt eige «husband» Good Time Charlie slepp sitt nye album under Fjordblues. Originalbesetninga frå bandet sitt første album, «Comin’ Down With The Blues» frå 1995 er samla igjen, meir vitale og energisk enn nokon gong !
Spelemannsvinnar i countryklassa Embla and the Karidotters er bandprosjektet til Razika-trommis Embla Karidotter. På sitt album nummer to «Off Leash» vidarefører bandet sitt røffe honkytonk noir-lydbilde med hint til Ennio Morricone, Nancy Sinatra og David Lynch-filmar. Ask Carol er ein duo frå det vesle fjellsamfunnet Auma i Tynset. Dei blandar fuzzgitar, intense rytmar og ei rå vokal til ein eksplosiv miks av alternativ rock, blues og indie. Dei har spelt på festivalar i både Asia, USA og Europa – og no står Fjordblues for tur. Multitalentet Adama Janlo er eit fyrverkeri av ein artist og vokalist som blir omtala som «den mest kraftfulle og energiske soulstemmen» i Norge. Ho opererer innanfor soul, blues og rhythm & blues. Debutalbumet kjem i september.
Programmet vert supplert med fleire artistar i løpet av august. Følg med på www.Fjordblues.no , Facebook og Instagram.
Billettar til fredagen og festivalpass finn du her
Billettar til laurdagen finn du her