I løpet av desse åra har festivalen samla tusenvis av menneske til uforgløymelege konsertopplevingar – og no inviterer vi deg til ein heilt spesiell kveld fylt med musikk, minner og magiske augeblikk.
I løpet av jubileumskvelden i Trivselshagen får du høyre ikoniske slagarar frå artistar som Hellbillies, Bobby Bare, Vince Gill, Tanya Tucker og Emmylou Harris framført av eit knippe av våre beste artistar lokalt og nasjonalt. Gjennom musikk, bilde og historiar tek vi deg med tilbake til høgdepunkta frå 1995 til i dag – og kanskje eit lite glimt av det som kjem. Sigrid Moldestad er kveldens vertinne – med varme, humor og ekte engasjement skal ho lose oss gjennom ein kveld der vi både skal le, mimre og synge med.
Artistar:
Sigrid Moldestad - Einar Bolstad - G.Thomas - Gunn Kvaale - Billy Yates - Steffen Jakobsen - Erlend Gunstveit - Sara Rose Zadig
Husband med kapellmester Inge Ronny Kvåle.
Velkomst i foajeen med servering klokka 18:30.
Billettar finn du her