• Kultur

Gloppen Musikkfest 2025

Dato

Tirsdag 2. september 2025 - lørdag 6. september 2025

Tidspunkt

kl. 17.00 - 23.59

Stad

Kulturhuset Trivselshagen

Gloppen Musikkfest kjem som vanleg med hausten, og i veke 36 skal dei igjen fylle bygda med vakker musikk og unike opplevingar.

Vi kan love stort spenn i veka - frå gnistrande kammerspel til folketonar og samtidsmusikk. Kunstnarleg leiing Audun Sandvik og Ida Klokk-Bryn har saman med gjestekurator Unni Løvlid har sett saman hovudprogrammet kor vi får høyre alt frå Vivaldi og Bach til Åm og Schönberg. Du kan gle deg!

Tysdagen kjem trompetisten Tine Thing Helseth tilbake til Gloppen for å halde konsert i Trivselshagen - saman med superpianist Gunnar Flagstad. Tine har gjennom ei allereie lang internasjonal karriere spelt verda over. Ho har vunne titals prisar og utmerkingar, og har ei rekke plateinnspelingar bak seg. Ho behersker eit breitt repertoar, frå det klassiske til samtidsmusikken og jazzen. 
 

Mot slutten av 2024 var det ULD i alle kanalar. Med vakre og varsame harmoniar, sterke norske tekstar og uortodoks besetning gjekk det varmt både på Tiktok og i rikspressa. I eit spenn mellom viser, folketonar og kammerpop har trioen funne vegen fram til eit stort publikum og trippel-nominasjon til Spellemannprisen. Dei spelar for oss onsdag kveld. 

Torsdag og fredag vert det varierte konsertar i Kultursalen, medan det heile vert avslutta i vereide kyrkje laurdag kveld. I tillegg til hovudkonsertane vil det som vanleg vere eit dryss av ymse godbitar utover veka - med gratis lunsjkonsertar, opa øving med Gloppen Demenskor, pop-up-konsertar i sentrum og andre overraskingar! 

Om festivalmusikarane:
Cellist Audun Sandvik og bratsjist Ida Klokk-Bryhn er særs røynde kammermusikarar, og har spelt med dei fleste på det meste dei fleste stader. Dei er begge faste medlemmer i Det Norske Kammerorkester, og er sjølvsagt musikarar under Gloppen Musikkfest saman med resten av festivalmusikarane. 

Unni Løvlid har gjennom ei lang internasjonal karriere alltid hatt noko nytt på gong i spennet mellom folkemusikken og samtidsmusikken. I tillegg er ho førsteamanuensis ved folkemusikkstudiet ved Norges musikkhøgskole.

Elise Båtnes (fiolin) har hatt ei stor karriere alt frå ho tidleg i tenåra. Ho er i dag 1. konsertmeister i Oslo Filharmoniske Orkester. 

Liv Hilde Klokk-Bryhn (fiolin) spelar mellom anna med Det Norske Kammerorkester og er medlem av Oslo Strykekvartett!

Nicholas Bootiman (bratsj) held til i Storbritannia kor han er førstebratsjist i Royal Liverpool Philharmonic.


Louisa Tuck (cello) er solocellist ved Oslo-Filharmonien. Før dette var ho seksjonsleder for cello ved Royal Northern Sinfonia. Hun har vore gjestesoloist for mellom anna BBC Symphony, Philharmonia og Sydney Symphony Orchestra.  


Strykesekstetten er sentral på alle dei tre hovudkonsertane.

Billettar til Tine Thing Helseth og Gunnar Flagstad finn du her

Billettar til ULD finn du her

Billettar til Melodiens vandring på torsdagen finn du her

Billettar til Vandrande himmel på fredagen finn du her

Billettar til Forvandla natt i Vereide kyrkje finn du her

Festivalpass finn du her

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Om staden

Namn

Kulturhuset Trivselshagen

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss