Aktivitetstilbod for familiar

  
Breimsbygda skisenter og Trivselsbadet har inngått samarbeid som vil kome familiar til gode.

Dersom du kjøper familie-årskort i Trivselsbadet, så inkluderar dette ei gratis kveldkøyring for familien i Breimsbygda skisenter på ein valgfri vekedag. Ordninga gjeld ikkje i helgane. 

På same måte vil familie-årskort ved Breimsbygda skisenter gi gratis bading for familien i Trivselsbadet ein valgfri kveld i veka - tysdag til fredag. 

Ordninga er tilgjengeleg for alle som kjøper årskort no. Familien får utskrive eit familiekort både i skisenteret og i badeanlegget, som dei kan vise når dei nyttar ordninga. Om du nettopp har kjøpt årskort for familien i badeanlegget, så kan du ta kontakt med Trivselsbadet og få utskrive eit familiekort som du kan bruke i skianlegget. Det same gjeld i skisenteret.

Vi ønskjer familiar velkomen til ein flott vintersesong både i vatn og på ski! 

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss