Årets Fjordblues byr på eit sterkt og variert program i skjeringspunktet mellom blues, rock, soul, americana og rockabilly. Det store internasjonale trekkplasteret er britiske Courtney Hadwin, som med si rå vokal, intense formidling og sjeldan scenekraft har gått frå viral tenåringssensasjon i «America's Got Talent» til ein kompromisslaus artist med eit heilt eige uttrykk. Publikum kan òg gle seg til gitarikonet Warner E. Hodges og hans internasjonale stjernelag, med Stacie Collins som special guest. Saman lovar dei eit eksplosivt møte mellom southern rock, blues og country.
Programmet har fleire høgdepunkt for gitar- og bluesentusiastane. Kid Andersen, ein av dei mest respekterte norske gitaristane på den internasjonale bluesscena, kjem heim frå California med sitt norske band og kombinerer teknisk overskot, djupe bluesrøter og smittande speleglede. Spoonful of Blues representerer det beste frå den norske bluestradisjonen, medan Ward Hayden and the Outliers byr på energisk americana, country og rock’n’roll med sterke låtar og ektefølt historieforteljing.
Breidda i festivalen blir ytterlegare understreka av Anita Nordheim Blues n’ Groove Company, som blandar blues og bluesrock med funk, jazz og soul, og av rutinerte Bærum Bluesband med drivande boogie, swing og klassisk elektrisk blues. Krom sørgjer for hardsvingande rockabilly med humor og tekstar på dialekt, medan lokale Dei Mållause frå Firda vgs tilfører ungdommeleg energi og ekte speleglede. Alt ligg til rette for ei klassisk Fjordblues-helg med konsertopplevingar fulle av nerve, groove og trøkk.
Program for kveldskonsertar på Gloppen hotell, dørene opnar kl. 19.30 med konsertstart kl 20.00 både fredag og laurdag:
Fredag 16. oktober:
Courtney Hadwin (UK)
Spoonful of Blues (N)
Krom (N)
TBA
Laurdag 17. oktober:
Warner E. Hodges International Allstars, special guest Stacie Collins (US/SE)
Kid Andersen Band (US/NO)
Ward Hayden and the Outliers (US)
Spoonful of Blues (N)
Anita Nordheim Blues ‘n Groove Company (N)
Bærum Bluesband (N)
Dei Mållause (N)
Billettar fredag og festivalpass finn du her
Billettar laurdag finn du her