• Kultur

EGOtripfestivalen

Dato

Fredag 27. mars 2026 - søndag 29. mars 2026

Tidspunkt

kl. 20.00 - 01.00

Stad

Gloppen hotell

Kan det vere snakk om årets friskaste bygdefest? Rett og slett den festivalhelga du ikkje vil gå glipp av?

I alle fall er DU, og heile bygda inviterte. Kall det gjerne kva du vil – venners-venners-fest, påsketreff, Firdajubileum, teambuilding, Tinder-date, konsert eller vaksenopplæring. Uansett kjem du til å treffe nokon du kjenner! Det kjem til å bli ellevilt! Det blir livemusikk frå to scener i to etasjar, og det blir den helga du snakkar om når nokon i ettertid seier: Gloppen hotell, Return, påska 2026!

Artistar fredag:

Lars Erik Blokkhus, betre kjend som frontfigur og låtskrivar i festbandet Plumbo.

Steinar Engelbrektson, ein av landets desidert mest populære artistar innan dans- og country-sjangeren.

Kruttrøyk, countryrockbandet med 15 millionar streams på digitale plattformer.

Øystein Eckhoff, Noregs nr. 1 og mest populære trubadur! Denne helga stiller han med fullt band.

Claus Pedersen, dansken som turnerer med Noregs mest populære hyllest til Kim Larsen.

Triolight, ein duo med plate- og turnéfortid i bandet Twilight.

Artistar laurdag:

Return, eit av Noregs absolutt største rockeband gjennom tidene. Denne kvelden presenterer dei alle hitlåtene sine i ei heilt ny, akustisk drakt.

The Wedding Crashers, partyband med utspring frå det yrande musikkmiljøet i Oslo. Vokalisten Irisa var i 2025 med i den norske Grand Prix-finalen.

Canyon Echoes, sjølvaste råkkelærarane frå Sandane.

Claus Pedersen, dansken som turnerer med Noregs mest populære hyllest til Kim Larsen.

Øystein Eckhoff, Noregs nr. 1 og mest populære trubadur! Denne helga stiller han med fullt band.

Endå ein artist vil bli presentert.

Billettane vert sleppt fredag 23. januar kl 10:00

Billettar fredag og festivalpass finn du her

Billettar laurdag finn du her

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

EGOtrip

Om staden

Namn

Gloppen hotell

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss