Per Henrik Stenstrøm: Slik takler du IDIOTENE PÅ JOBBEN 2 - Trivselshagen
  • Kultur

Per Henrik Stenstrøm: Slik takler du IDIOTENE PÅ JOBBEN 2

Dato

Mandag 21. september 2026

Tidspunkt

kl. 19.00 - 20.30

Stad

Kultursalen i Trivselshagen

SPLITTER NYTT FOREDRAG!

«Slik taklar du IDIOTENE PÅ JOBBEN 2» er oppfølgjaren til foredraget som har fylt kulturhus over heile landet dei siste åra. Utselt gong på gong – for alle har minst éin idiot på jobben.

Per Henrik Stenstrøm leverer nok ein gong eit morosamt og tankevekkjande foredrag om arbeidslivet. IDIOTANE 2 er stappfullt av nye historier og skråblikk som hjelper deg å forstå dei kollegaene du ikkje forstår deg på.

IDIOTENE PÅ JOBBEN 2 tek opp alt som står i vegen for motivasjon på arbeidsplassen – anten det er irriterande kollegaer, håplause sjefar eller vanskelege kundar.

Stenstrøm besøker nær 150 arbeidsplassar kvart år med sine foredrag, og denne kvelden får du høyre hemmeligheitene bak eit betre arbeidsmiljø.
Og ikkje minst: Korleis vi kan bli kvitt baksnakking og surmuling på jobben!

Per Henrik Stenstrøm er ein av Noregs mest populære foredragshaldarar og har skrive bøkene «Irriterande kollegaer» og «Når sjefen er ein idiot».
Bli med på suksessen – her blir det både latter og aha-opplevingar!

Billettar finn du her

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Kulturhuset Trivselshagen

Om staden

Namn

Kultursalen i Trivselshagen

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss