• Kultur

Håvard inviterer til julekonsert med band

Dato

Lørdag 5. desember 2026

Tidspunkt

kl. 20.00 - 21.30

Stad

Kultursalen i Trivselshagen

Last ned kalenderfil (.ics)

Etter fem år utan julekonsert på Sandane tek Håvard endeleg opp igjen tråden.

Etter deltakinga i The Voice i starten av 2026 har Håvard sett inn støtet for alvor i si eiga musikalske karriere. No kjem han heim igjen til Sandane, etter eit aktivt musikarliv i Oslo, med eit band sett saman av unge, spelesugne Oslo-musikarar som brenn for musikken.

Håvard hentar inspirasjon frå gospel, soul, pop og country, og publikum kan vente seg ein julekonsert med varme, nerve og musikalsk overskot. Det blir kjende juleklassikarar i nye drakter, sterke melodiar og eit uttrykk som både løftar, rører og samlar folk inn mot jul.

 

Billettar finn du her

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Kulturhuset Trivselshagen

Om staden

Namn

Kultursalen i Trivselshagen

Adresse
Firdavegen 21
6823 Sandane

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss