Gloppen Musikkfest 2026 - med føtene på jorda! - Trivselshagen
  • Kultur

Gloppen Musikkfest 2026 - med føtene på jorda!

Dato

Tirsdag 1. september 2026 - lørdag 5. september 2026

Tidspunkt

kl. 00.00 - 23.59

Stad

Trivselshagen

Då vi for nokre år sidan la opp idéar og visjonar for åra som skulle kome hadde årets festival arbeidstittelen “jorda” - med det som gror, det som gir oss liv, det som forsvinn, det som held alt i hop, det vi øydelegg og det vi er.

Undervegs vart det tydelig for oss at vi vart meir og meir jorda det meir vi tenkte og programmerte. Vi ville attende til kjerna, til kammermusikken, til samspelet, til møtet mellom publikum og utøvarar - det som gjer av vi grøder. Vi ville senke dørterskelen og gjere porten vid, sleppe publikum tett innpå oss. Difor har vi vore frie i programmeringa, og lagt fleire av hovudkonsertane i mykje mindre lokaler enn tidlegare, Sandane kyrkje og bygdehuset Vonheim. I tillegg vert det som vanleg ein storslått tur innom kultursalen med Håvard Gimse ved flygelet.

Vi har samla framifrå festivalmusikarar som veit vil finne høve til å gneistre for glopparane, og vi garanterer store opplevingar i intime format frå en internasjonal gjeng med tydelege stemmer og sterk formidlingsevne. Francisco López (fløyte), Maria Włoszczowska (fiolin), Anders Nilsson (fiolin), Aine Suzuki (bratsj), Charles-Antoine Archambault (cello), Jose David Ospina Gaviria (bass) og Håvard Gimse (piano) vil saman med våre kunstnarlege leiarar Ida Klokk-Bryhn (bratsj) og Audun Sandvik (cello) servere oss eit saftig program med spenn frå wienervals til kontemporær solobass. 

På toppen av hovudprogrammet får vi ein heilt spesiell kveld i Vonheim med kammerjazz og viser frå Maridalen og Lars Lillo-Stenberg. 


Billettar til alle konsertane og festivalpass finn du her

Håvard Gimse

Maridalen og Lars Lillo-Stenberg

Foto: Jørgen Nordby

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Om staden

Namn

Trivselshagen

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss