Sigrid Moldestad med band - Trivselshagen
  • Kultur

Sigrid Moldestad med band

Dato

Fredag 25. september 2026

Tidspunkt

kl. 19.30 - 21.00

Stad

Kultursalen i Trivselshagen

I mars 2026 kom Sigrid med sitt niande (!) soloalbum og med det turne! 

Ho har siste året jobba mykje solo med akustiske konsertar, og ser difor ekstra fram til å dra på tur med musikarane ho har jobba med i mange år. Moldestad er kjend for si fortellerglede og kommunikasjon med publikum. Musikalsk spenner det frå det ville til det vakre. Musikarane i bandet pregar musikken med sine bakgrunnar i ulike genrer; visepop, blues, rock og kyrkjemusikk. Saman skapar dei eit musikalske overskot som rører.

Det nye albumet er forankra i både naturen ho kjem frå, bygdeliv, samliv, foreldreskap og undringar kring dei store spørsmåla. Fjella lurer i bakgrunnen og kjærleiken til folkemusikken ho kjem frå er aldri langt unna. Saman med sitt, etterkvart veletablerte band og kollektiv, skapar ho musikalske lydspor til historiene med energi, humor og klump-i- halsen stemning.. Genreleikent og velkjent for dei som har følgt Sigrid og bandet ei stund. Turneen startar 13.mars med musikalske fortellingar og eit sterkt scenisk nærvær. Dei nye songane saman med høgdepunkt frå heile karrieren. 

Sigrid Moldestad Band: Sigbjørn Apeland (tangenter), Kåre Opheim (trommer), Jørgen Sandvik (gitarar), Anders Bitustøyl (bass), Roald Kaldestad (gitarar)

Billettar finn du her

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Kulturhuset Trivselshagen

Om staden

Namn

Kultursalen i Trivselshagen

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss