Dei har leve her ute i fleire år, men dei lengtar tilbake der dei kjem ifrå – storbyen Moskva. I huset i provinsen har dei stadig besøk av soldatar frå den lokale brigaden, og det ryktes at deira bror har ein kjærast, men alt dei ynskjer er å reise til Moskva.
Draumen er å kome tilbake, finne kjærleik, finne meininga med livet. Men kan dei nå draumane sine når dei berre ser til framtid og fortid, og gløymer nåtid?
Stykket Tre Søstre er skreve av Anton Tsjekov og oppført fyrste gang i 1901. 2drama utforskar og leiker seg med stykket og kva for meining det har. Gjennom ulike teaterteknikkar og utforming presenterer dei si eiga versjon av det kjente stykket.
Olga – Eir Marion Rauø
Masja – Kinga Klosowska
Irina – Gitte de Mulder
Andrej – Amelija Tillere
Natasja – Sunniva Smestad Storøy
Tsjebutykin – Olai Osland Eikenes
Anfissa – Emily Engin Gil
Billettar finn du her