• Kultur

ESC ungdomskompani: Offbeat

Dato

Lørdag 24. januar 2026

Tidspunkt

kl. 18.00 - 19.00

Stad

Kultursalen i Trivselshagen

Dansarane rører seg inn og ut av rytmen, og publikum vert dregne inn i ein levande koreografi. Perkusjonisten spelar sjølv på scena, og scenografien speler med. Pulsen er umogleg å ignorere, og trongen til å nikke eller trampe takta uimotståeleg.

Når vi ber nokon om å «kjenne musikken», kva er det eigentleg vi ber dei om å gjere? Framsyninga Offbeat utforskar dette spørsmålet medan utøvarane dansar i rommet, der dei vekslar mellom å overgje seg heilt til musikken og å motstå henne.
Dansarane rører seg inn og ut av rytmen. Dei omfamnar augneblink av klossetheit, kløning og dårleg timing. Frå denne leikne spenninga byrjar noko smittsamt å ta form – ein groove som stig opp frå ein stad mellom ubehag og nyting.

Publikum vert dregne inn i ein levande koreografi. Dansarane opptrer saman med ein perkusjonist som spelar live på scena og ei lydskapande scenografi. Pulsen er umogleg å ignorere, og trongen til å nikke eller trampe takta uimotståeleg.

Ian Yves Ancheta er utøvar og samtidskoreograf med base i Oslo. Hans første møte med dans var på New School Hip Hop, som vekte ei djup interesse for musikalitet og fragmenterte rørslekvalitetar.

Ian skapar ut frå nerdete nysgjerrigheit og leikenheit. Han nyttar rekvisittar og scenografi for å skape rørsleopplevingar som held publikum framoverlente, fulle av forventning. Uføreseielegheita i samspelet mellom utøvar, framsyning og publikum er eit viktig element i verka hans, der tolmod og risiko ved livekunst stadig blir testa som ein del av den kreative prosessen.

I 2019 fullførte han bachelorstudiane sine i dans ved ArtEZ University of the Arts, med koreografi som bifag. Verka hans har turnert på europeiske scener, mellom anna Dansens Hus Oslo, Bærum Kulturhus Sandvika, Korzo Den Haag, Bellevue Theater Amsterdam, GCD Kluize Oosterzele og TR Rotterdam. Han har òg laga bestillingsverk for kompani som Panta Rei Danseteater (NO), Conny Janssen Danst (NL), Dance Well (IT) og NoXsense (SE). Som dansar og samarbeidspartnar har Ian vore å sjå i verk av Eivind Seljeseth, Ingri Fiksdal, Ingrid Berger Myhre, Jo Strømgren, Carl Aquilizan, Belinda Braza, Bianca Hisse og Jules Fischer.

Billettar finn du her

ESC UNGDOMSKOMPANI FOR SAMTIDSDANS blir driven av Bergen Dansesenter og er eit tilbod til unge mellom 14–19 år i Vestland fylke med talent og interesse for samtidsdans. ESC ønskjer å gjere seg gjeldande som ein interessant nasjonal og internasjonal aktør gjennom å tilby ei viktig infrastruktur for nyskapande danseproduksjonar. ESC har som mål å gi unge talent eit springbrett til framtidig karriere som samtidsdansarar og å skape arbeidsmoglegheiter for frilanskoreografar.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Bergen Dansesenter

Om staden

Namn

Kultursalen i Trivselshagen

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss