Fjordblues 2024

torsdag 17. oktober 2024 kl. 19.30

Informasjon

Fjordblues vert i år arrangert 17.-19.oktober.

Eit høgdepunkt på årets program er fyrverkeriet Nikki Hill (US) med Laura Chavez på gitar. Det vert også gjensyn med Grainne Duffy frå Irland som vitja Fjordblues på sitt første besøk i Noreg i 2009. Frå Belfast i Nord-Irland kjem bandet Dea Matrona med veninnene Mollie og Orlaith. Dei blei oppdaga gjennom sine gatekonsertar i Belfast som har millionar av visningar på Facebook. Frå London kjem vinnarane av fleire UK Americana prisar Danny & the Champions of the World med eit nytt album i bagasjen som vert slept under Fjordblues.

Det Norsk/Engelske gitar-fenomenet Krissy Matthews med sitt Viking Bluesband kjem med Heidi Solheim som gjestevokalist for anledninga. Spellemannsvinnarane Daniel Eriksen & Stig Sjøstrøm og Marius Lien med sitt band kan du også oppleve. Bandet Oddny med base i Bremanger med hit-låten «Oktober Bergen by» og Lutt-prisen for Årets nykommar kjem også. Lokal Americana vert det med Atle Oen med band frå Nordfjordeid. Bandet er for anledninga forsterka med gitaristen Steinar Karlsen (Good Time Charlie) og keyboardist Øystein Undem (Eric Slim Zahl med fleire). Steinar Karlsen vil også presentere låtar frå sitt rykande ferske album «Doggerbank» under Fjordblues. Frå Firda vgs kjem vennegjengen med sitt nystarta band som går under namnet 1IDA. Vi gjentek også suksessen frå i fjor der ulike bandkonstellasjonar frå Gloppen Ungdomsskule slepp til på Fjordbluesscena.

Billettar finn du her

Nikki Hill

Stad

Gloppen hotell
 

Kontakt

Fjæra Bluesklubb
 

Legg til hendinga i din kalender

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss