ESC ungdomskompani: BIG BIG BANG

lørdag 27. januar 2024 kl. 17.00

Informasjon

BIG BIG BANG er ei forestilling av ESC ungdomskompani der 8 unge dansara samansmeltar og beveg seg som ein kollektiv masse.

Med kraft, energi og fart kastar dei seg ut på ei transformativ reise der publikum blir revet med inn i eit forsøk på å skape ein ny begynnelse. Dei spinn i eit endelaust loop av intensitet og varme og balanserar på vippepunktet mellom utmattelse og gjenoppstandelse. Publikum blir dratt med inn i ein suggerande og energisk tilstand, der 8 dansara forenar seg til ein uoppsliteleg eining som strebar etter å forvrenge oppfattinga av tid, stad og rom.
 

Koreograf Jonathan Ibsen er ein dansk dansekunstnar busatt i Oslo. Som kunstnar er han opptatt av den samtidsaktuelle kroppen, og korleis kroppen kan brukast som eit kommunikativt instrument til å onfrontere, provosere og skape dialog. Han jobbar med å kontekstualisere problemstillingar rundt sosialt konstruerte normar og forståingar og forsøkar å bane vei for eit kunstnerisk uttrykk der kroppen kan materialisere seg meir fri og utan begrensningar.

Billettar finn du her

Thor Brødreskift

 

 

 

 

 

 

 

KREDITERING
Koreograf: Jonathan Ibsen
Komponist: Fredrik Petrov
Kostyme og tekstil design: Zofia Jakubiec
Kostymemaker: Julie Jensen og Ceri Angharat
Lysdesign: Maja Bergebakken Sundt


Varighet 40 minutter.


Dansere: Agnes Ravndal Vaagland (Bergen), Alisah Sussmann (Bergen), Dekontee Manyeah (Bergen), Elena Hertzberg Aidoni (Askvoll), Liv Viksmo (Bergen), Malene Henden Fridtun (Gloppen), Natalie Otneim Leikanger (Stadt) og Thomas Myklebust (Leikanger).


Produsent: Sølvi Katrine Andersen, ved Bergen Dansesenter
Co-produsent: BIT Teatergarasjen
Støttet av: Fana Sparebank, Bergen Kommune og Vestland Fylkeskommune

 

Stad

Kultursalen i Trivselshagen
6823 Sandane

Tlf.: 57883800

Kontakt

Bergen dansesenter
 

Legg til hendinga i din kalender

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss