Til tross for store Covid-utfordringar kan vi presentere eit sterkt og variert program med både norske topp namn, lokale og også nokre utanlandske artistar.
Fredag 15.oktober på Gloppen Hotell
Seafoam Green (IRL):
Frå Irland får vi besøk av bandet Seafoam Green. Sikkert eit nytt namn for mange men det trur vi ikkje vil vare lenge. Deira første album blei produsert av Rich Robinson (Black Crowes) og det siste og ferske albumet "Martin's Garden" er produsert av Tyler Greenwell, trommeslagar i Tedeschi Trucks Band. Derek Trucks er også med på plata og dreg ein av sine klassiske slide-soloar. Desse samarbeidspartnarane fortel også mykje om bandet sin musikalske stil og inspirasjonskjelder. Dennef redagen opptrer bandet som duo.
Odd Einar Nordheim trio:
Odd Einar er nok mest kjend frå fjorårets Stjernekamp på NRK der Årdølen imponerte med si stemmeprakt. Her snakkar vi Norges beste soulstemme !
True Strays (UK):
I god Fjordbluestradisjon så flyr vi inn dette bandet frå England for å gjere sin første og einaste konsert i Norge. Dette er ein fest av eit band og ei feiring av alternativ rootsy americana, blues og rock and roll. Dei hentar inspirasjon frå artistar som Neil Young, Muddy Waters, Fleetwood Mac og meir modern retro inspirerte artistar som Alabama Shakes, Gary Clark Jr og the Black Keys.
Amund Maarud & Lucky Lips:
Gitarhelt og sjangermiksar Amund Maarud saman med vokalist og låtskrivar Malin Pettersen og resten av Lucky Lips har truffe ein nerve hos eit bredt publikum. Nydelege harmoniar lever side om side med flerrete fuzzgitar og tunge groover. Sjangermessig kan vi plassere dette under den store Americana-paraplyen med preg av blues, rock og eit par knepp verdsmusikk.
Laurdag 16.oktober på Gloppen Hotell
Marius Lien:
Marius Lien er ein ung fremadstormande artist som utmerkar seg som ein uvanleg bra gitarist,songar og låtskrivar.
Til tross sin unge alder har han gjort seg sterkt bemerka i det norske bluesmiljøet.
Og han var Norges representant ved Internasjonal Blues Challenge i Memphis.
Vintage Radio:
Bandet frå Oslo foreinar blues, soul og gospel på sin eigen måte. Dei har ein kjærleik for den tradisjonelle bluesen og formidlar ærlege tekstar saman med energiske riff, intense gitarsoloar og ein følsam vokal.
Fred & the Fab Four:
Bak dette namnet skjuler det seg eit nytt norsk band men likevel med meir rutine enn dei fleste. Dette er nemleg det nye bandet starta av Øystein Undem, Norges Boogie Woogie konge. Med seg har han eit elitelag av norske bluesmusikarar: Steinar Karlsen på gitar, Rune Endal på bass, Fredrik «Fat Fred» Støvind på vokal og Vetle Larsen på trommer.
Seafoam Green (IRL):
Frå Irland får vi besøk av bandet Seafoam Green. Sikkert eit nytt namn for mange men det trur vi ikkje vil vare lenge. Deira første album blei produsert av Rich Robinson (Black Crowes) og det siste og ferske albumet "Martin's Garden" er produsert av Tyler Greenwell, trommeslagar i Tedeschi Trucks Band. Derek Trucks er også med på plata og dreg ein av sine klassiske slide-soloar. Desse samarbeidspartnarane fortel også mykje om bandet sin musikalske stil og inspirasjonskjelder.
Med koronaspøkelse framleis hengande over oss så må vi sjølvsagt ta atterhald med omsyn til arrangementsrestriksjonar og om alle artistar, særleg utanlandske artistar faktisk kan reise fritt i Norge i oktober. Følg oss på Facebook og vår Web-side: www.fjordblues.no, for oppdateringar av program og eventuelle arrangementsrestriksjonar
Festivalpass og billettar til fredagen finn du her
Laurdagsbillett finn du her
