Nils-Ingar Aadne: Da var det oss

fredag 25. februar 2022 kl. 19.00

Informasjon

I 2015 kom Nils-Ingar Aadne med stand-up showet «EGO». Her tok han for seg sin eigen egoistiske livsstil og fokuset på seg og sitt.

I sitt nye standup-show «Da var det oss» handlar det ikkje berre om seg sjølv, men om oss alle og samfunnet vi lever i. Siden EGO gjekk Nils-Ingar frå meg til oss, han fekk seg kjæreste og sambuar. Så skjedde det utenkelege. Hausten 2018 døde kjæresten hans brått og uventa av hjartestans. Igjen står han der aleine, mens verda går vidare. Det må han også.

«Da var det oss» handlar om å få livet i trynet og gå vidare, om kvardagslege småting og kor sinte folk har blitt. Om robotstøvsugara og pandemi. Den handlar om oss.

Regi: Thomas Giertsen

Produsent: Feelgood&iStage AS

«Publikum hadde bare en ting å gjøre da han takket for seg, det var å takke med stående langvarig applaus.» - Tønsberg Blad

 

Billettar finn du her

 

Klikk for stort bilete 

Stad

Kultursalen i Trivselshagen
6823 Sandane

Tlf.: 57883800

Kontakt

Trivselshagen
 

Legg til hendinga i din kalender

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.

Vi har som mål å gje deg gode opplevingar! 


Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Kontakt oss