Årets musikal ved Musikk, dans, drama på Firda vidaregåande skule, er familieframsyninga «Nasegrevet».
Musikalen er skriven av Tor Åge Bringdværd og tek utgangspunkt i norske folkeeventyr og kjende figurar her ifrå. Hovudrolla i musikalen er Nasegrevet. Ho er ei ung, giftesjuk jente med ei litt brysam lang nase. Mest av alt ynskjer ho å bli elska for den ho er. Musikalen er i følgje Bringvæerd, eit glødande forsvar for stygge jenter og eit forsøk på å avslører Tyrihans som ein simpel karrierejegar som berre er ute etter rikdom og ære. Musikalen er morosam, har fengande musikk og ein tydeleg moral – og den passar like godt for liten og stor, ung som gammal!
Billettar til fredag 19. februar finn du her
Billettar til laurdag 20. februar finn du her