BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.4987//EN
BEGIN:VEVENT
UID:8bbeff70-31da-19f3-c827-32eed1680005
SUMMARY:ESC ungdomskompani: Event Horizon
DESCRIPTION:Hendinghorisonten, eller event horizon , skildrar grensa rundt eit svart hol – punktet der det ikkje lenger er mogleg å snu. Med dette som utgangspunkt utforskar framsyninga fri vilje og førehandsbestemte lagnader. Publikum kjem inn i eit dundrande rom, der lyden er tett, omsluttande og nesten heilag. Når støyen lettar, trer andre element fram i lydbiletet: røyster, pust, sko mot golv, kostyme som gnissar, hud mot dansematter. Kroppane er både rastlause og avventande. Dansarane kastar seg rundt, forlenger fall, utfører tilsynelatande umoglege oppgåver, byggjer og ber – bryt ned. Dei er kvarandre sine hindringar og støttespelarar. Event Horizon undersøkjer kva handlingsrom som finst når noko allereie er på veg i ei bestemt retning, mot ein slutt. Kan vi førestille oss nye røyndomar og gjere fantasiane våre til røyndom? Kan vi skrive om vår eigen lagnad – og kan vi skrive om vår felles? ESC ungdomskompani for samtidsdans blir drive av Bergen Dansesenter og er eit unikt tilbod for ungdom i Vestland med særleg talent og interesse for samtidsdans. Kvart år rekrutterer kompaniet mellom 8 og 15 dansarar i alderen 14–19 år gjennom open audition. Eit høgt teknisk nivå og sterke kreative ferdigheiter ligg til grunn for opptak i kompaniet. ESC løftar òg fram yngre koreografar, som kvart år blir valde ut gjennom ein nasjonal og internasjonal open call. Medverkande og kreditering Dansarar/utøvarar: Alex Olai Sjøthun (Luster), Isabella Viviann Engseth (Bergen), Jenny Marie Gaassand (Bergen), Sienna Solem (Bjørnafjorden), Vera Hernes Vågstøl (Bergen), Vill Brekke-Reksten (Bergen), Natalia Linnea Romslo (Øygarden) Konsept: Johannes Gudbrandsen-Stavland & Maria Johanne Liabø Koreografi: Johannes Gudbrandsen-Stavland Tekst, dramaturgi: Maria Johanne Liabø Musikk/komposisjon: Jonas Meurer-Lunde Produsent/produksjon: BDS – Sølvi Katrine Andersen Co-produsert av: Bergen Internasjonale Teater, Carte Blanche – Noregs Nasjonale Dansekompani Støtta av: Bergen kommune, Vestland fylkeskommune, Kulturdepartementet Billettar finn du her
DTSTART:20270123T170000Z
DTEND:20270123T180000Z
LOCATION:Kultursalen i Trivselshagen
SEQUENCE:0
CREATED:20260922T095529Z
DTSTAMP:20261003T163320Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
