Med Kinoklubben får du sjå minst 12 filmar i året til halv pris.
Pris
Medlemskapet kostar kr 179,- per år og blir automatisk fornya heilt til du sjølv vel å seie det opp. Du kan starte medlemskapet ditt når som helst i løpet av året; medlemskapet varer i 12 månader frå innmelding. Du treng berre å sjå 2 filmar for å tene inn medlemskapet ditt!
2 medlemskap til prisen av 1
Når du betaler for ditt første år i Kinoklubben, får du ein rabattkode med på kjøpet. Denne rabattkoden kan du gi til ein venn som får 1 års gratis medlemskap, og saman kan de nyte eit heilt år med gode kinopplevingar til halv pris. Rabattkoden må aktiverast innan 1 månad.
Kva for filmar?
Filmane viser eit rikt og variert utval av årets kinofilmar. Alle filmane er kvalitetsfilmar som vi er sikre på vil gi deg ei god kinoppleving. Kvar film kan du sjå éin gong til halv pris.
Kven vel filmane?
Filmane blir valde ut av vårt Filmutval, eit ekspertpanel som består av representantar frå norsk kinobransje.
Slik fungerer medlemskapet
Filmane ser du på vanlege framsyningar på din lokale kino, og du brukar din personlege medlemskode når du kjøper kinobillett til halv pris. Billetten kjøper du på Filmweb eller på nettsida til kinoen. Undervegs i kjøpet tastar du inn medlemskoden din, og dermed blir 50 % av ordinær pris automatisk trekt frå. Du kan òg kjøpe billett til halv pris ved å oppgi medlemskoden din eller vise QR-koden i billettluka på kinoen.
Er alle kinoar med i Kinoklubben?
120 kinoar over heile landet er med i Kinoklubben, så ja – dei aller fleste kinoane er med.
Lokale invitasjonar
Pass på å registrere adressa di på profilen din, slik at du får informasjon og invitasjonar til lokale førpremierar, spesialvisingar, ekstravisningar osv.
Om Kinoklubben
Kinoklubben blei starta i 2016 og har om lag 60 000 filminteresserte medlemmar. Kinoklubben eigast og drivast av Filmweb AS.
Bli medlem her