Reglar i symjehallen

Alle badar på eige ansvar.

Garderobe / dusj / badstu

  • Bruk skohylla
  • Alle skal dusje og vaske seg med såpe før ein badar. Langt hår = hårstrikk
  • Personar med smittsomme hudsjukdomar skal ikkje bade
  • Fjern bandasjer og plaster før du går inn i badet.
  • Ta godt vare på nøkkelbandet. Badet tek ikkje ansvar for dine eigendelar
  • Sørg for å få med deg alle eigendelane heim

 

Basseng

  • Born under 10 år skal aldri bade aleine
    •   - Ikkje ta med fleire born enn du har oversyn over (maks 2 som ikkje er symjedyktig)
    •   - Foreldre skal passe godt på og vere i same basseng som borna dei har ansvar for
    •   - Born under 10 år skal alltid ha følgje med person over 16 år
    •   - Følg med på born sin aktivitet - hjelp dei før situasjonen vert farleg
  • Ikkje stup frå langsidene/grunn del av bassenget
  • Dykkermaske er ikkje tillete
  • Ikkje mat, tyggis og snus  bassengområdet
  • Ikkje fotografer og bruk mobiltelefon i bassengområdet
  • Ikkje sit/heng i banetaua.

 

Stupebrett og 3 meter

  • Berre ein om gongen
  • Stup/hopp rett fram
  • Ikkje heng under stupebrettet
  • Må vere symjedyktig - ikkje bruk armringar eller dykkermaske

 

Sklie

  • Det er oppsett eigen informasjon om bruk av sklia. 
  • Born under 6 år  kan skli i følgje med vaksen (over 16 år)

 

Ver obs på: 

  • Det er fort gjort å skli om ein spring på bassengkanten
  • Garderobar stenger 15. min etter stengetid for basseng


Brot på reglane kan medføre bortvising frå badet

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss