Trivselsbadet

Edvin-Andrè Hugvik

Som følgje av dei nye nasjonale tiltaka må vi dessverre halde stengt inntil vidare.

 

Ordinære opningstider (føl skuleåret)

Tysdag - fredag kl 16 - 21
Laurdag - søndag kl 12 - 17

Dei ordinære opningstider føl i hovudsak skuleruta, i feriar kan det vere andre opningstider og desse vert opplyst fortløpande.

 

Ta deg ein tur  -  her kan du: 

- slappe av i boblebassenget
- ta tida på turen i sklia
- svømme lange økter i 25 meter-bassenget (28 grader)
- hoppe frå 3 meteren
- svømme i det varme velværebassenget (34 grader)
- la dei minste kose seg i barnebasseng med bobler, lys og minisklie (34 grader)
- ta svalestup frå stupebrettet
- bli gjennomvarm i badstua
- kjøpe vafler, pizza eller anna som fristar i kaféen
- ta deg ei treningsøkt på treningsrommet 


Morgonbading  

(gjeld ikkje når vi har sommar-opningstid)
tysdagar og fredagar: kl 06.30 - 08.00 (kun for dei med årskort, halvtårskort og klippekort) 

Delar av bassenget er reservert: 

(gjeld ikkje når vi har sommar-opningstid)
Onsdagar kl 19.30-21: hovudbasseng: trim for alle (stupedel stengt)
Torsdagar kl 16.00-17.00: terapibasseng reservert revmatikerbading
Fredagar kl 11.00-12.00:  Babybading i terapibasseng (Voksen må ha halv/heilårskort eller klippekort)
NB! resten av anlegget er sjølvsagt ope for alle

Reglar i symjehallen  (klikk for meir info)
 

Årskort for familie

Trivselsbadet samarbeider med Breimsbygda skisenter. Har du familieårskort i Trivselsbadet får du gratis kveldskøyring i skianlegget ein valfri vekedag (mån-fred). Sjå meir om tilbodet her

Kontaktinfo

Trivselshagen bad og idrett -  service/billettsalg: 908 19 643 (gjeld i opningstida)
Trivselsbadet teknisk drift - 954 12 695
Dagleg leiar, Øystein Sundal - 906 34 853          

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.

Vi har som mål å gje deg gode opplevingar! 


Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Kontakt oss