Nytt betaling- og bookingssystem i Trivselshagen bad og idrett

I Trivselshagen bad og idrett faser vi no inn eit nytt booking- og betalingssystem som vil gje mange positive endringar for brukarane. Du kan kjøpe årskort og betale abonnementet med månadsbetaling. Du får ny nettside der du administrerer abonnementet ditt sjølv – kan «fryse» det i nokre månader om det er behov. I det nye systemet kan du også kjøpe gåvekort/klippekort på nett, eller booke ledig tid i ein idrettshall ein laurdag det regnar.  

Gå inn på nettsida her for å registrere deg eller kjøpe medlemskap.

Du kan også laste ned appen vår og styre medlemskapet ditt frå mobilen. Når du har lasta ned appen må du skrive inn kode 001278 for Trivselshagen.
For iPhone Last ned appen her
For android Last ned appen her.

Artikkelliste

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss