To filmar denne veka. Den amerikanske varulv-thrilleren The Wolfman, som er ei nyinnspeling av filmen frå 1941, og handliga er lagt til det herrens år 1891. Dette er ein film med mellom anna Antony Hopkins i ei av hovudrollene.
For dei som foretrekker noko litt lettare underhaldning viser vi denne veka animasjonsfilmen Planet 51, ein animert eventyrkomedie om ein planet med grøne folk og 50-talsrock, som får besøk av romvesen i form av amerikansk astronaut.