Ose Kammerspel

torsdag 2. mars 2023 kl. 19.00

Informasjon

No er det klart for ny festival.

Sjå heile programmet på osekammerspel.com.

Torsdag 2.3 kl. 19.00 i Trivselshagen: Schwanengesang

Schuberts Schwanengesang med frankågunnar opnar Ose Kammerspel 2023. Frank Havrøy (song) og Gunnar Flagstad (piano) har gjort stor suksess med si tolking av Schwanengesang, og vi kan love at du aldri har høyrt makan nokon gong! Frankågunnar ville finne ut kva som skjer viss alt er lov når ein tolker Schubert, kva hender viss ein tillet seg å ta i bruk heile den musikalske verktøykassa, inkludert musikalske sjangrer som tango, jazz, cabaret og sjømannssangar - som har kome til lenge etter at Schubert skreiv songane i 1828. Då plata deira kom ut i 2021, lot ikkje begeistringa frå både musikkritikarar og publikum vente på seg! Plata blei kåra til Årets beste album både av Klassekampen, Aftenposten og Morgenbladet, og Aftenposten skreiv m.a. at "Innspillingen dirrer av engasjement og humor, og prosjektet fremstår både presist og gjennomtenkt. Men det er først og fremst morsom lytting, en ganske sjelden kvalitet innenfor romansesjangeren". Musikkbladet Ballade hevda at "det er som om Havrøy og Flagstad har lurt Schubert med seg ned i en østerriksk ølbulene. Det er blitt langt etter stengetid, men de sitter der enda og skråler av full hals". Vi kan sjå fram til ein kveld med eineståande musikarar, humor og fleire overraskingar.


Billettar til torsdagen finn du her

Fredag 3.3 kl. 19.00 på Bedehuset, Sandane: Straumar

Fredag kan vi ynskje velkomen til Bedehuset på Sandane, der vi får oppleve strykekvartetten Opus13 og Ingrid og Maria Ose. Opus13 er ein av verdas fremste unge strykekvartetter, og vann i haust 2. pris i den prestisjetunge kvartettkonkurransen i Banff i Canada. Opus13 er svært aktuelle både i Noreg og i resten av verda for tida, og har spelt med ei rekke nasjonale og internasjonale toppmusikarar. I romjula skal dei spele med m.a.  Janine Jansen - ein av verdas aller største fiolinistar -  på International Chamber Music Festival Utrecht. På Bedehuset får vi høyre kvartetten spele Ravel sin leikne og eventyrlege strykekvartett i F-dur, og i samspel med Maria Ose i CPE Bach sin Fløytekonsert. I tillegg skal Ingrid og Maria spele Smetanas Moldau i et arrangement for to fløyter. Opus13 består av Sonoko Miriam Welde (fiolin), Edvard Erdal (fiolin), Michael Andreas Grolid (bratsj) og Daniel Thorell (cello).

Billettar til fredagen finn du her

Laurdag 4.3 kl. 18.00 i Trivselshagen: Måneskin

Laurdag blir det konsert i Trivselshagen igjen - då med Håvard Gimse (piano) i hovudrolla! Han treng vel eigentleg ingen nærare presentasjon, han er ein av våre aller fremste og mest kjende pianister. Håvard plukka ut flygelet i Trivselshagen i si tid, og no skal han og flygelet verkeleg få skinne til fulle når han spelar ei av dei aller finaste pianosonatene som er skreve - nemleg Beethovens Måneskinnssonaten. Han skal også framføre Brahms sin store Pianokvintett i f-moll saman med Opus13, eit verk som skildrast som "the Crown of Brahms Chamber Music", så her er det absolutt mykje å gle seg til! Ingrid og Håvard skal spele Poulenc si Fløytesonate, og vi får også høyre Maria og Håvard spele Sonate av Cécar Franck. Opus13 består av Sonoko Miriam Welde (fiolin), Edvard Erdal (fiolin), Michael Andreas Grolid (bratsj) og Daniel Thorell (cello).

Billettar til laurdagen finn du her

Søndag 5.3 kl. 14.00 på Bedehuset, Sandane: Große Finale

Søndag avsluttast Ose Kammerspel på Bedehuset med Opus13 og Ingrid og Maria. Då får vi høyre Faure sin Fantasie med Ingrid og Opus13, og Bach sin orkestersuite h-moll med Ingrid, Maria og Opus13. Avslutningsnummeret blir intet mindre enn Beethovens mesterverk, Strykekvartett nr. 13 i B-dur. Opus13 består av Sonoko Miriam Welde (fiolin), Edvard Erdal (fiolin), Michael Andreas Grolid (bratsj) og Daniel Thorell (cello).

Billettar til søndagen finn du her

Kristin Aafløy Opdan

 

Stad

Kultursalen i Trivselshagen
6823 Sandane

Tlf.: 57883800

Kontakt

Ose Kammerspel
 

Legg til hendinga i din kalender

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss