Jubileumsfest Firda 100 år

fredag 16. september 2022 kl. 18.00

Informasjon

Firda vgs feirar 100 år!

I jubileumsveka i september blir det ei stor jubileumsframsyning om kvelden fredag 16. september. 

Første delen av kvelden vil dansekunstnar Jonas Øren vere kunstnerisk ansvarleg for. Det blir mykje musikk, det blir dans og det blir teater. Alt dette smelta saman til ei fantastisk flott forestilling.

Etter denne forestillinga blir det ei pause med servering av tapas.

Del 2 av den store jubileumskvelden blir avslutta med eit festprogram med inviterte gjester på scena, der Sigrid Moldestad er konferansier og leiar kvelden. 

Vi ønskjer velkomen til ein flott kveld i Trivselshagen på Sandane.

Billettar finn du her

 

Stad

Kultursalen i Trivselshagen
6823 Sandane

Tlf.: 57883800

Kontakt

Firda vidaregåande skule
6823 Sandane

Legg til hendinga i din kalender

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.

Vi har som mål å gje deg gode opplevingar! 


Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Kontakt oss