Ose Kammerspel 2022

torsdag 3. mars 2022 kl. 18.00

Informasjon

Ose Kammerspel 3.-6. mars 2022.

Sjå heimesida: Ose Kammerspel

 

Festivalpass til heile festivalen finn du her

 

Torsdag 03.03 kl. 18.00, Gloppen Folkebibliotek

Det er vi som er her nå - en livsfilosofi

I kveld møter vi forfattaren Jostein Gaarder som er aktuell boka Det er vi som er her nå. Kagge forlag skriv om boka at Gaarder har skreve ei personleg, vakker historie, eit forsøk på å forstå verda, ein livsfilosofi. I denne sjarmerande og fabulerande forteljinga vender han tilbake til tankar som har opptatt han bestandig. Frå han som barn første gang spurte seg: Er det ikkje rart at vi lever? Er det ikkje rart at vi finst?

Jostein Gaarder les frå boka si, og vil i samtale med Ann Karin W. Ose dele fleire tankar rundt boka og sin eigen livsfilosofi.

Musikalske innslag ved Ingrid og Maria Ose.

Signering og sal av bøker.

Billett finn du her

Fredag 04.03 kl. 19.00, kultursalen

Ettermiddag

Equinox er eit verk skreve av Henning Kraggerud og Jostein Gaarder. Det består av fire delar: Ettermiddag, Kveld, Natt og Morgen. På konserten i kveld framførast første del av Equinox, Ettermiddag. Etter pause blir det musikk av nokre av dei største komponistane i musikkhistoria, m.a. Frédéric Chopin og Claude Debussy. Du får høyre både Chopin sin Funeral March, ein smakebit frå Verdis Rigoletto for 2 fløyter og Debussys vakre cellosonate

Billett finn du her

Laurdag 05.03 kl. 18.00, kultursalen

HEILAFTEN!

Kveld og Natt

På første del av denne konserten, får du høyre 2. del av Kraggerud og Gaarders Equinox, Kveld. Etter pause står m.a. Mozart sin fantastiske pianokvartett i g-moll for tur, som blir rekna som det første store stykket skreve for pianokvartett.

Så blir det mogleg å kose seg med tapas og noko godt å drikke i kafeen i Trivselshagen. Du må tinge tapas på førehand, det kan du gjere her!

Kvelden avsluttast med 3. del av Equinox, Natt.

Billett finn du her

Søndag 06.03 kl. 14.00, kultursalen

Morgen

Avslutningskonserten på Ose Kammerspel 2022 startar med 4. og siste del av Kraggerud og Gaarders Equinox. Etter pause blir det musikk av m.a. Franz Schubert og Heitor Villa-Lobos, og vi får endeleg oppleve våre to pianistar i fantastisk samspel i Schuberts Lebensstürme for 4-hendig klaver. Heile festivalen avsluttast med variasjonar over Schuberts Trockne Blumen for fløyte og klaver.

Billett finn du her

 

Kristin Aafløy Opdan   

 

 

 

Stad

-
 

Kontakt

Ose Kammerspel
 

Legg til hendinga i din kalender

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss