Glopperock - mimrefest, film & konsert

lørdag 28. august 2021 kl. 19.30

Informasjon

Glopperock feirer 40+1år med Dance With a Stranger i Trivselshagen.

Dance With A Stranger er eit namn som har vore på Glopperockplakaten intet mindre enn fire gongar, og med det har dei vore ein sentral del av den 41år lange historia for festivalen. No er dei klare for å innta Trivselshagen og bidra til ein jubileumskveld som inneheld både konsert og videoframsyning av godt bevarte skattar frå den friske starten i 1980 og fram til i dag. Kan det freiste med eit gjensyn med Nazareth i -85, Bonnie Tyler sine hits i -92, eller Uriah Heep i -95? Innan mimrekvelden endeleg er her har vi jobba oss godt igjennom 41år og utallige timar med videomateriale vi har fått digitalisert og friska opp. Vi samlar dei beste godbitane til ein 15 minuttars sekvens vi vil syne som ei opptakt til kveldens konsert!

Det evigunge bandet Dance With A Stranger har dei siste åra gjennomført mange konsertar og ikkje minst mange festivaljobbar: dette har gjeve meirsmak!

I sommar kjem herrane Øivind Elgenes, Frode Alnæs og Bjørn Jenssen saman med fire musikarar i ein frisk og vitalisert utgåve!

Her vil ein få servert hitar som Everyone Needs a Friend, The Invisible Man, Dance With A Stranger og fleire av dei meir ukjente låtane i ”ny” innpakning.

Bandet sitt verkelege gjennombrot kom i 1988, der debutalbumet selde meir enn 125 000 eksemplar og blei heidra med Spelemann-pris. Etter fleire pausar opp gjennom har bandet hatt fleire comeback, og kvar gang har gleda og energien over å spele live kjeme tilbake!

Dance With A Stranger hentar sin inspirasjon frå blues og jazz, soul, rock og pop, og responsen frå både presse og publikum viser at dei rett og slett er i ein særklasse.

Bandet spelte på Glopperock i 1988, 1990, 1994 og 1999 og er med det bandet som har spelt flest gongar i «Jølet» på Nordfjord Folkemuseum.

Her bør publikum kjenne sin vitjingstid for å oppleve stemninga: for ein fest det skal bli!
Arrangementet var opprinneleg planlagt i 2020, men dette vart utsett grunna Covid-19. I år har vi eit nytt håp om at vi kan få samle so mange som mogleg til ein etterlengta kveld i kultursalen, og håpar du vil være med oss på markeringa!

Denne kvelden vert den fyrste i ei rekke av fleire konsertar og arrangement utover hausten, og vi ynskjer å invitere fleire band og artistar som har satt sitt preg på festivalhistoria til Glopperock gjennom fire tiår. Desse arrangementa vert gjort mogleg med støtte frå vår hovudsamarbeidspartar Sparebanken Vest, og vi håpar de gler oss like mykje som oss!  


Billettsalet startar fredag 25. juni klokka 08:00.

Billettar finn du her


  

 

Stad

Kultursalen i Trivselshagen
6823 Sandane

Tlf.: 57883800

Kontakt

Gloppen Musikkforum
6823 Sandane

Tlf.: 57866616

(post): post@glopperock.no

Legg til hendinga i din kalender

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.

Vi har som mål å gje deg gode opplevingar! 


Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Kontakt oss