Ose Kammerspel

fredag 26. februar 2021 kl. 18.30

Informasjon

I februar er det klart for Ose Kammerspel.

Henning Kraggerud er ein av våre aller fremste musikrarar med ei imponerande merittliste nasjonalt og internasjonalt som fiolinist, bratsjist, komponist og orkesterleiar. Han gjesta Ose Kammerspel i fjor også, og kjem i år tilbake med ein heilt ny dobbeltkonsert bestilt av Arktisk Filharmoni og Tasmania Philharmonic Orchestra. Ose Kammerspel har fått æra av å urframføre kammerversjonen av RomAntArctica, der vi får høyre Maria (fløyte) og Kraggerud sjølv ((bratsj) som solistar.

Koronaen setter sitt preg også på Ose Kammerspel. Den amerikanske pianisten Eric Lu vert stoppa av pandemien og Gunnar Flagstad kjem i staden. Og han er ingen dårlig erstatning! Gunnar har konsertert over heile Europa, og han har gjesta alle dei store klassiske musikkfestivalane i Noreg. Han er fast akkompagnatør ved Norges Musikkhøyskole, og har spelt med ei rekke av dei mest profilerte musikarane i Noreg.

Vertavokvartettens Bjørg Lewis vert også stoppa av koronaen i år, og på kort varsel har den prisbelønte cellisten Sandra Lied Haga takka ja til å kome. Sandra er ein svært merittert cellist, ho har vunne ei lang rekke konkurransar og stipend - og i 2019 mottok ho Equinor sitt prestisjetunge millionstipend. Ho gav ut debutalbumet sitt i fjor, og er no blant dei nominerte til Spelemannsprisen for si kritikerroste innspeling av Dvoraks cellokonsert og Tchaikovskys Rokokkovariasjoner.

Brynjar Lien Schulerud er fiolinist og konsertmester i Arktisk Filharmoni, og Julia Neher er solobratsjst i same orkester. Dei er begge strålande kammermusikarar, og kjem saman med to unge framadstormande strykarar, nemleg Rasmus Hella Mikkelsen (fiolin) og Albert Noven (kontrabass).


Meir informasjon finn du på nettsidene til festivalen, www.osekammerspel.com

Billettar til konsertane finn du her.

Klikk for stort bilete 

Stad

Kultursalen i Trivselshagen
6823 Sandane

Tlf.: 57883800

Kontakt

Ose Kammerspel
 

Legg til hendinga i din kalender

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.

Vi har som mål å gje deg gode opplevingar! 


Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Kontakt oss