• Kultur

Julefeiring i Trivselshagen

Dato

Onsdag 24. desember 2025

Tidspunkt

kl. 16.00 - 20.00

Stad

Trivselskafeen

Tradisjonen tru kan du feire sjølve julekvelden i Kulturhuset Trivselshagen.

Vi inviterar til julefeiring i Trivselshagen på julekvelden. Her vert det tradisjonell julemiddag og litt lett underhaldning. Kanskje kjem også julenissen.

Middagen er klokka 17:00 og vi opnar dørene ein time før.

Billettar inkludert middag finn du her. Du kan også kjøpe billettar på Servicetorget på Heradshuset, kafeen i kulturhuset eller på Gloppen Frivilligsentral. Merk at ein må kjøpe billett før den 22. desember grunna matservering.

Ved spørsmål kan ein ta kontakt med Gloppen frivilligsentral på telefon 92 12 05 05. Vi organiserar skyss frå Breim og Hyen om dette er ynskjeleg.

Julefeiringa vert arrangert i samarbeid med Gloppen Frivilligsentral, Røde Kors og Coop Extra.

 

 

 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Om staden

Namn

Trivselskafeen

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss