Osetvillingane sitt Musikkeventyr

fredag 6. mars 2020 kl. 18.00

Informasjon

Tvillingane Ingrid og Maria Ose oppfyller no draumen om å lage sin eigen festival heime på Sandane.

Fløytistane, som studerar på Norges Musikkhøyskole og Hochschule für Musik und Teater i München, hentar solistar i verdsklasse når dei inviterer til tre konserter i kultursalen og i Sandane bedehus i mars 2020.

Henning Kraggerud er ein av våre aller mest kjente fiolinistar, han har turnert verda rundt både som orkestersolist og kammermusikar sidan han var tenåring, og har det siste året samarbeida tett med Ingrid og Maria. Kraggerud er også ein anerkjent komponist, og på festivalen vil publikum både få høyre musikk han har arrangert for tvillingsøstrene, og også ei urframføring av eit stykke for to fløyter han har komponert spesielt til Ingrid og Maria. Henning Kraggerud vil spele saman med jentene, i tillegg vil han ha eigne avdelingar både med pianist Christian Ihle Hadland og gitarist Petter Richter. Både Hadland og Richter har samarbeidd mykje med Kraggerud, og begge har etablert seg som solistar og kammermusikarar i det europeiske tetskiktet. Den fantastiske britiske cellisten Natalie Clein kjem også på festivalen, før ho reiser vidare til London og konsert i Wigmore Hall. Alle musikarane skal spele med kvarandre i løpet av helga, og det blir stor variasjon i klangar og uttrykk.

I tillegg til disse etablerte toppmusikarane kjem ett av dei største musikktalenta i Europa, harpisten Johanna Ander Ljung. Ho har vunne ei rekke med prisar og konkurransar, og studerer for tida ved Norges Musikkhøyskole.

Musikarane har valgt musikk til disse konsertane ut i fra eitt einaste kriterium: dei må spele den musikken dei elskar aller høgast. Først då kan dei gje publikum den aller beste og den heilt magiske konsertopplevinga, først då kan publikum få ta del i deira lidenskap for denne vakre musikken. Så på disse konsertane kan vi faktisk garantere både gåsehud og tårer i augene.

Gå ikkje glipp av dei ekstra gode tvilling-tilbuda! Kjøp ein tvillingbillett eller eit tvillingpass i gåve til deg og ektefellen, partneren, bestevenen, naboen, kollegaen, tvillingen din eller nokon andre du har lyst til å dele denne opplevinga med.

Billettar

Festivalpass Kjøp

Fredag 6. mars, kl 19.00

Konsert i Sandane bedehus, Vårdraum. Kjøp

Laurdag 7. mars, kl 18.00

Konsert i Kultursalen i Trivselshagen, Tvillingsjeler. Kjøp

Søndag 8. mars, kl 15.00

Konsert i Kultursalen i Trivselshagen. Bergteken. Kjøp
 

Stad

-
 

Kontakt

-
 

Legg til hendinga i din kalender

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.  Vi har som mål å gje deg gode opplevingar!   

Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Tilgjengelighetserklæring

Kontakt oss