Adventskonsert

fredag 1. desember 2017 kl. 19:00

Informasjon

Tradisjonskonsert i Vereide kyrkje

Klikk for stort bilete Firda vgs

Musikklinja ved Firda vidaregåande skule held konsert i Vereide kyrkje

Også i år held elevane ved musikklinja på Firda VGS adventskonsert første fredagen i desember.

Ein kan trygt seie at det har vorte ein god adventstradisjon å fylle Vereide kyrkje med unge musikarar frå Firda, publikum og god musikk.

Tek du turen til kyrkja denne kvelden, får du som vanleg høyre eit variert program, med mellom anna klassisk musikk, folketonar, og naturlegvis kjende juletonar i både gamal og ny drakt. Ein får høyre både songarar og instrument av mange slag, mellom anna marimba, piano og messingblåsarar, og det vert spelt på mange strenger.

Så ta turen til Vereide kyrkje og nyt musikken og framføring av elever på høgt nivå frå heile fylket.

Velkommen

Billettar

Kjøp billettar elektronisk her. 

Billettar kan også kjøpast på førehand ved Servicetorget på Søreide og i Trivselshagen sin kafè.

Det vert også sal av billettar i døra på sjølve konsertdagen

Stad

Vereide Kyrkje
Vereide,  6823 Sandane

Kontakt

Firda vidaregåande skule
6823 Sandane

Legg til hendinga i din kalender

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.

Vi har som mål å gje deg gode opplevingar! 


Trivselshagen i sosiale medier

Personvern 

Kontakt oss