Sigd - poetisk konsert

fredag 25. november 2016 kl. 20:00

Informasjon

Forfattaren Ruth Lillegraven og folkemusikaren Benedicte Maurseth, på biblioteket

Saman framfører dei to ein poetisk konsert, basert på diktsamlinga "Sigd" av Ruth Lillegraven (2016).

 

Endre veks opp som odelsgut i ei vestlandsbygd på 1800-talet. Han skal vere som faren – og fedrane før han. Som ung mann treff han Abelone, giftar seg med henne og overtek garden. Framtida ser ljos ut – til Endre blir sjuk og sengeliggjande, og lyt selje garden. Kven er han no? Og kva skal han leve for? Det er då bøkene kjem til han frå andre sida av havet, og tek han med ut i verda.

Sigd er ei forteljing i dikts form om eit enkelt, men samstundes storslått liv, om ikkje lenger å kunne vere den ein skulle vere og måtte finne meining i livet slik det vart, om ei tid som ikkje finst meir, og om alt som er likt, til alle tider. Om mennesket i naturen og naturen i mennesket, om å lese, lære og leve, om å vere i ro og å reise. Men dette er også kjærleikshistoria om Endre og Abelone – dei som må lage seg sitt heilt eige språk for igjen å kunne snakke saman.

Benedicte Maurseth er ein folkemusikar som i mange år har bruka det litterære landskapet som inspirasjon til sitt musikalske arbeid. Ho har spelt til ei rekkje ulike forfattarar og skodespelarar sine opplesingar, og har i tillegg komponert musikk til Jon Fosse sine romanar Andvake og Morgon og Kveld ved Det Norske Teatret og Nationaltheatret.

Musikken til forteljinga Sigd er ei blanding mellom improvisasjonsmusikk, tradisjonell folkemusikk og nykomponert folkemusikk for hardingfele og vokal. Maurseth lyttar og brukar rytmen og strukturen til teksten og opplesaren, og limer det saman med slåttar og lydlandskap som gjev puls og pust og underbyggjer og kontrasterer forteljinga.

Benedicte Maurseth (f.1983), frå Eidfjord i Hardanger, er hardingfelespelar. Ho har turnert mykje både i Noreg og internasjonalt. Maurseth har også fleire CD-utgjevingar bak seg og har gitt ut boka Å vera ingenting – Samtalar med spelemannen Knut Hamre.

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho har gitt ut tre diktsamlingar, ein roman og fleire småbarnsbøker. For diktsamlinga Urd (2013) vann ho Brageprisen og Bokbloggarprisen det året.

Konserten er eit samarbeid mellom Gloppen folkebibliotek, Folkjazzscena (Førdefestivalen) og Rom for ord.

Fredag 25. november kl. 20 Gloppen folkebibliotek, Trivselshagen
(billett kr 100,- kontant i døra)


 

her skal du
ryddje og byggje
hauste og så

til du ein gong skal
gje garden vidare til
son din og son hans
og son hans att

det er slik det er
det er slik det går

dette er vår lagnad
dette er vår lukke

og du er berre
eit lite blad
på det store treet

 

Stad

Gloppen folkebibliotek, Trivselshagen
Firdavegen 21,  6823 SANDANE

Tlf.: 40033721

(E-post): bibliotek@gloppen.kommune.no

Kontakt

Gloppen folkebibliotek
 

Tlf.: 40035164

Torill Berge
torill.berge@gloppen.kommune.no
Legg til hendinga i din kalender

Kva er Trivselshagen

Trivselshagen er Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kulturelle møteplass for konsertar, kino, bibliotek, idrett, kulturskule og andre kulturaktivitetar.

Vi har som mål å gje deg gode opplevingar! 


Trivselshagen i sosiale medier

Kontakt oss