Kjøp billettar på nett
Jon Eikemo - 24. september
1. oktober i kultursalen
Følg oss!!
Følg oss Følg oss på Facebook

Gloppen kulturskule 35 år - Jubileumskonsert

Kulturskulen feirer sine 35 år med ein stor Jubileumskonsert med elevar, lærar og distriktsmusikarar ved Gloppen kulturskule, samt alle skulekorpsa i kommunen og Gloppen janitsjar.

Det vert to framvisingar av konserten, laurdag 20. mars kl 18.00 og søndag 21. mars kl 17.00


I den første delen av konserten viser vi fram kulturskulens eigenaktivitet, der de m.a. vil få høyre storbandet vårt, Gloppen usb, og Gloppen kulturskules slagverkensembel. Lærarar og distriktsmusikarar vil framføre utdrag frå Dyrenes karneval, der også danseelevar vert med på nokre av satsane. De vil også få høyre kulturskulen sitt strykeorkester, i tillegg til at Solveig Gimmestad og Ida Therese Lien Hoel framfører kvar sin song.

Etter pause fyllast scena med alle korpsa i Gloppen, klare til å framføre The Commitments. Vi har fått tak i to glimrande solistar: Laila Beate Førde og Tore Nesbakk. Kulturskulen stiller også sterkt med dansarar, musikarar og koristar, og vi trur dette blir ei flott avslutning på jubileumskonserten vår!

Billettprisar:
Vaksne: 170 kr
Born: 70 kr

Hugs førehandsal av billettar ved heradshuset eller ved billettluka.no

Publisert av Siv Kvalsvik Haugen. Ansvarleg Ann Karin W Ose. Sist endra 11.03.2010
Bibliotekdatabasen
Bibilotek-Websøk Søk i bibliotekdatabasen
På kino 8. - 12. sept
Kontaktinformasjon
_
_
Trivselshagen
6823  Sandane
 
E-post : trivselshagen@gloppen.kommune.no
 
 
Levert av ACOS AS