Kjøp billettar på nett
Jon Eikemo - 24. september
1. oktober i kultursalen
Følg oss!!
Følg oss Følg oss på Facebook

Teater: Stoppestaden - av Julian Garner

Sogn og Fjordane Teater (SoFt) skal spele Stoppestaden av Julian Garner i Trivselshagen på sandane fredag 12. mars kl 19.00

- ein psykologisk thriller frå jazzmiljøet i New Orleans på 1920 og 30- talet.

 Stykket har fått flotte kritikkar i media:

  "Fengjande og mystisk" Sogn Avis
"Underteikna sat heile tida med ei uro for å gå glipp av noko, kombinert med den gode kjensla av å bli overraska av neste trekk" Firda
"...oppsetningen har elementer av både thriller og mysterier - og fin humor" BT

To av skodespelarane er å sjå i denne sesongen av Himmelblå på Nrk1.

  Den rike jazzsamlaren Joe står og blar seg gjennom jazzavdelinga i ein stor bokhandel i New York. Det neste han veit er at han vaknar på eit ikkje alt for fint hotellrom i New Orleans. Kidnapparane veit alt om den brennande og lidenskapelege interessa han har for 1920-åras jazzklarinettist, Leon Rappolo og dei gir han eit tilbod han ikkje kan avslå. Joe legg ut på ei halsbrekkande reise inn i hovudet, kroppen og sjela til sin mystiske helt.

"Ein ting er kva ein er, ein annan ting er kva ein vil vere"

 

Regi: Rita Abramhamsen
Scenografi og kostymedesign: Åse Hegrenes
Lysdesign: Elisabeth Nilsson
Medverkande: Ole Martin Aune Nilsen, Ane Skumsvoll og Karl Sundby

Ole Martin og Ane er begge med i Himmelblå på Nrk1 denne våren. Karl vil mange kjenne igjen frå Hotel Cæsar som karakteren Åge.

les meir på SoFt sine sider: softeater.no

Billettprisar

 Vaksen kr 180,- inkl billettavgift

Student/honnør/firdakortet/gruppe (min.5)/scenekort kr 120,- inkl billettavgift
Du kan kjøpe billettar på heradshuset, eller direkte på billettluka.no

Sjå omtale frå Avisa Firda

Sjå omtale frå BT (Bergens Tidende)

Publisert av Margrete Solheim. Sist endra 09.03.2010
Bibliotekdatabasen
Bibilotek-Websøk Søk i bibliotekdatabasen
På kino 8. - 12. sept
Kontaktinformasjon
_
_
Trivselshagen
6823  Sandane
 
E-post : trivselshagen@gloppen.kommune.no
 
 
Levert av ACOS AS