Kjøp billettar på nett
Jon Eikemo - 24. september
1. oktober i kultursalen
Følg oss!!
Følg oss Følg oss på Facebook

Etter Fjøstid – Ein mann tek laust

"Etter fjøstid" er eit humorshow tettpakka med sylskarpe parodiar og spinnville karakterar. Showet byggjer på ein folkeleg humor der gjenkjenning, pussige figurar og gjennomført typespel er sentrale ingrediensar.

Vi kan glede oss over at Roy Aron Myklebust kjem til sandane og Trivselshagen med sitt fyrste soloshow. Laurdag 13. mars kl 20.00

Her møter du kjende stemmer og andlet frå både fjordafylket og landet elles; Ari Behn, Rimi Hagen, Oddvar Torsheim og Arne Johannesen, for å nemne nokre. Du møter også drosjesjåføren og storsjarmøren Kåre Jonny frå Vartdal, den dugnadsavhengige Ivar Erik, Odd- Bjørn Hjelmeset sin blodfan Bjørn- Odd, den pensjonerte trappesnikkaren Gudvald, Polkakongen -og mange , mange fleire!

"Etter fjøstid" er svært variert i både form og innhald. Ein spennande kombinasjon av sceneinnslag og humoristiske filmsnuttar skal sørgje for at publikum får ei latterfull og minnerik oppleving.

"Etter fjøstid" er eit show av og med Roy Aron Myklebust. Han har lang fartstid på revyscena og er for mange kjend frå sommarrevyen i Stryn, men kanskje aller mest frå Radio Røysi på NRK Sogn og Fjordane. Dette er hans første soloshow. I utarbeidinga av showet har han hatt god hjelp frå den unge og kreative sogndølen Ole Martin Volle(film) og den meir rutinerte skodespelaren Arild Bøe(regi).

Kultursalen i Trivselshagen
Laurdag 13. mars kl 20.00

Billettpris: 290 kr (inkludert avgift)


Du kan også følge Etter Fjøstid på facebook

 
Publisert av Siv Kvalsvik Haugen. Sist endra 17.02.2010
Bibliotekdatabasen
Bibilotek-Websøk Søk i bibliotekdatabasen
På kino 8. - 12. sept
Kontaktinformasjon
_
_
Trivselshagen
6823  Sandane
 
E-post : trivselshagen@gloppen.kommune.no
 
 
Levert av ACOS AS