Kjøp billettar på nett
Jon Eikemo - 24. september
1. oktober i kultursalen
Følg oss!!
Følg oss Følg oss på Facebook

Trilletreff i Trivselshagen onsdagar kl. 11

Trilletreff

Helsestasjonen og biblioteket på Sandane inviterer til trilletreff i Trivselshagen kvar onsdag frå kl. 11 og utover. Eventyrrommet er då reservert for dykk. Der vil det vere høve til lesekrok eller leik og aktivitet for dei små og samver for dei vaksne.

Lån gjerne med heim bøker til fine lesestunder med barnet ditt. Kaféen er open til 14.30.

Helsestasjonen og biblioteket har det til felles at vi begge har kontakt med barn i kommunen. Vi er opptekne av kor viktig det er mellom anna å stimulere barnet si språkutvikling, og det gjeld å utnytte dei tilboda som finst. 

Gloppen folkebibliotek held til i fine lokale i Trivselshagen, med mange varierte tilbod for ulike brukargrupper. Der har du høve til å vere åleine i fred og ro eller vere saman med andre.

Bibliotektilsette legg merke til kor stor glede og begeistring barn syner i møte med bøker og historier i ulike former. Denne gleda har vi lyst flest mogeleg skal få del i.

Du som forelder legg merke til endringar i bruken av språket hos barnet ditt. Stadig nye ord blir tekne i bruk. Barnet lyttar meir ivrig til deg og hermer gjerne orda. Kanskje begynner dei første setningane med meining å formast. Bilder vert granska med iver og glede. No er det tid for bok!

 Med helsing

Gloppen folkebibliotek
Wenche Søreide
og
Gloppen Helsestasjon
Berit Sagen

Bibliotekdatabasen
Bibilotek-Websøk Søk i bibliotekdatabasen
På kino 8. - 12. sept
Kontaktinformasjon
_
_
Trivselshagen
6823  Sandane
 
E-post : trivselshagen@gloppen.kommune.no
 
 
Levert av ACOS AS